- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
59

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Innleiding 59
på storleik. For det meste er der eitt legg for kvar bokstav, men
5 hev 3 legg, B—D til saman berre 1, E—F 1, I—/ (rekna for
éin bokstav) 1, og V—Æ 1. I alt hev manuskriptet 707 blad (do
er ei eller fleire sidor gjerne blanke sist i kvart legg). Christie
hev byrja på dette manuskriptet eingong i tidi millom 1833 og
28/4 1837, å døma etter »Underretninger«. Side 6 i »Underret
ninger« nemner han at han enno i 1833 heldt på med »Mate
rialierne«, d. e. fyrearbeidi, og ikkje hadde byrja føra ordi upp i
»stræng alphabetisk Orden«. Side 8 nemner han at 28/4 1837
var han ferdig med bokstavane A—H og det meste av L. Han
må ha kome igjenom heile alfabetet fyre 1845, å døma av eit
brev til professor C. A. Holmboe 13. jan. 1845. Kor lenge fyre
den tid, karm me ikkje sjå. — Manuskriptet er alfabetisk. Det
er skipa soleis at halve sida er spard til marg, og dertil er det
heller stort millomrom millom artiklane. Der skulde, vera godt
rom til utfylling. Etter dei einskilde leggi var ferdige, hev Christie
stendigt havt deim for hand og fyllt ut med nytt tilfang etter
kvart. Sume stader hev både millomromi millom dei upphavlege
artiklane og margen vorte so uppfyllte med nye innskot frå ulik
tid, at skrifti er ovleg tett ihop-gnika, og alt saman hev vorte
vanskelegt å lesa. Ender og då hev Christie jamvel lote klistra
inn umfram-lappar eller setja inn nye blad til å få alt med. Som
ventande er, er det flest utfyllingar i dei eldre leggi. I dei siste
bokstavane i alfabetet er der ikkje so svært mange tillegg. Dei
yngste tilleggi er frå 1849. :[
Til denne handskrifti finst eit par — ufullførde — avskrifter.
.:, På Bergens Museum finst ei avskrift av bokstavane A og
Errr-F, 2 legg på til saman 64 blad. Fyrste legget (bokstaven A)
er ei umskrift som Christie sjølv hev gjort, av di grunn-manur
skriptet hadde vorte for ihop-gnika. Umskrifti er skipa på same
måten som grunn-manuskriptet (do med mindre ope rom millom
artiklane). Christie hev gjort ikkje fåe tillegg i denne umskrifti
seinare. Det andre legget — på kvitt skrivepapir — jer med ei
onnor hand. Det er utan opne millomrom millom artiklane, og
med vanleg smal marg. Det hev ikkje seinare tillegg. Kami
henda er det ei »prøve« som Christie hev tenkt på å senda til -ei
lidiskrift og få prenta. I dette legget er ymse avskrivarfeilar. -r-V
Ba#e leggi er, lagde saman med grunn-manuskriptet i pakken

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free