- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
9

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Innleiding 9
vakkre Samling«, fortel han i dagboki si.3 — Interessa for natur
historie kjem og fram på denne ferdi. Christie vitja »Fugle-Sam
lingen« i Kjøbenhavn og synest ha havt mykje glede av den, og
lova å freista hjelpa styraren, professor Reinert, til å få tak i
nokre norske fuglar. — Men planen um å skipa eit museum i
Bergen er ikkje so mykje eldre enn 1825. Enno i 1823 synest
ikkje den planen ha funnest hjå Christie. Han skriv nøgje i dag
boki um vitjingane som han gjorde på utanlandsferdi både i
samlingane i Kjøbenhavn og i samlingar i tyske byar; men nemner
ikkje med eit ord at han hadde i tankar å få til i Bergen tilsvarande
samlingar, eller at slike samlingar burde finnast der heime. Fyrsta
i 1824 hev planen forma seg ut hjå honom. Men mange ting talar
for at det nettupp hende då. I det permisjonsåret han hadde
då, vart det klårt for honom at han laut søkja avskil. Og han
hev skyna at han snaudt hadde nokor framtid lenger i det heile
i krevjande offentlege stillingar. So byrja han fyrebu eit nytt
framtidsarbeid, og gamle interessor og impulsane frå utanlands
ferdi viste no veg. Um sumaren 1824 gjorde han ferder til å
samla fornsaker og naturalia. Han lagde planar um ymse vit
skapsarbeid. Året etter, tri månader etter han hadde vorte løyst
ifrå stiftamtmanns-embættet, sende han so ut innbjodingi um
å skipa Museet.
111.
I innbjodingi 25. april 1825 baud Christie inn til å grunn
leggja eit Museum »af Oldsager og Konstsager« og eit »Naturalie
kabinet af indenlandske Naturalier«. Det var eit manggreint upp
tak han sette i sving ved dette. Det syner seg både av lista i
innbjodingi yver slikt som skulde samlast til Museet, og av års
meldingane seinare. Christie og medarbeidarane han fekk, arbeidde
trottigt si tid ut etter det program som var lagt.
Det lukkast å halda verksemdi ved Museet i gang saman
hangande, etter grunnleggjaren var fallen frå og, i dei fleste av
dei leider som han hadde peika ut. Og seinare hev ho greina seg
3 Bg. M. mnskr. 227 a. Samlingi var då på »et Universitets-
Bibliotheket tilhørende Værelse ovenover Trinitatis-Kirke« og hadde »ca.
6000 Nummere». — Um denne samlingi, grunnlagd 1807, sjå S. Muller,
Nationalmuseet 1907.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free