- Project Runeberg -  Norske digte /
227

(1889) [MARC] [MARC] With: Holger Sinding - Tema: Bibliothek for de tusen hjem
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Aasmund Olavson Vinje (1818–1870) - Til pulten min

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

357
Og nåar eg so ein tanke fann,
som sveid og heit i hugen brann,
so skreiv eg ned
eit dikt, som lett fraa pennen rann
So fekk eg fred.
So skreiv eg daa paa riksens sak.
Det heiter der at vera vak
men ikki hard.
Dei taka gjerne det med mak
i kongens gard.
So stod dei kring meg i ein ring.
Daa kom vel vit og skjemt i sving
i ringen min.
Du gjøymer vel paa some ting
i skuffen din?
Det er so minnet i meg glør,
so lenge saaret enno blø’r
av trælesvolk.
Og her eg sat og som seg bør
»benaadad« folk!
Men du, her etter meg du fær
ein mann, som ingen statsraad slær
nei trygg verdt han,
for det den stakkars kroken er
ein innkjøyrd mann.
Aa clu, som dette alt fekk sjåa,
fortel, fortel, lat strøyma paa
av minnets flod.
m

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nodigte/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free