- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
109

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XVIII. Robinson ser noko fælslegt

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

mitt namn.“ Og Gud hadde vel ikkje gløymt
han enno. — Han kom seg til aa beda um
hjelp i naudi og las sidan i skrifti. Daa vart
han rolegare att og vaaga seg sistpaa ut og
saag til gjeiterne sine og mjølka dei. Men
han var enno kaldlege rædd naar han kom
ut; han gjekk berre og saag seg ikring som
ein tjuv.
Soleis gjekk det ei heil tid, og han korkje
saag eller høyrde nokon ting som var til aa
ottast for. Daa vart han modigare etterkvart,
og ein dag vaaga han seg heilt burt til strandi
der han hadde sét faret. Han hadde sistpaa
kome til aa tenkja paa at det kanskje berre
var eit far etter seg sjølv han hadde sét.
Han kunde ha gjenge der ein gong han ikkje
hugsa etter, og so skræmt seg av inkjevetta,
liksom folk som vert skræmde av sin eigen
skugge. Men daa han kom fram, saag han
at dette aldri kunde vera far etter hans eigen
fot. Det var mykje for stort. Her maatte
ha vore andre folk likevel.
Naar han tenkte seg um, so var det heller
ikkje so underlegt um villmennerne hadde
vore her. Øyi laag ikkje so fælt langt fraa
landet derburte, og her var fint og grøderikt,
so det alltid kunde lokka dei hit av og til;
og naar dei daa ikkje hadde vore her meir
enn denne eine gongen i alle dei aari h*an
hadde butt her, var det ikkje til aa veita so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free