- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
31

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 31 —

trygt fraa grannen av, i heim og skule, i lyd og
lag. Det strøymde noko godt ut fraa deim. Dei
var so heile og rettferdige, so kjærlege og truande.
Det gjorde godt herre aa sjaa deim. Eg kjem i
hug slike heilstøypte menneskje. Gud skje lov:
me eig slike ogso millom norske fyregangs-folk.

Framum alle lyser han sjølv - den heilstøypte
menneskjesonen. Difor var han til so stor
velsigning. av di han var sjølv so heil og rein. Løyndomen
i Jesu Kristi liv — er det ikkje det inderlege
sambandet med Far i himmelen? „Eg og Far, me er eitt."

Jesvis bad mykje. Heile natti var han sum tid
i bøn. Innantil voks han. Inst inne aatte han den
livs-kjelda som fløymde yver med liv til alle.
Hjarte-freden som raadde Jesu indre liv — vart aldri
skjepla midt i det urolege livs-yrket hans. Det
kosta strid — aa verja freden. Som me ser i
Getsemane. Men etterpaa — daa han so møtte
fien-dane sine, daa lyste freden og kjærleiken ut or
andlitet hans, so dei datt gruve til jordi berre han
tala til deim.

Me hev ein heilagdom inst inne. ..Det livet
som er løynt med Kristus i Gud.’" üer er kjelda til
alt vaart arbeid. Derinne hev me største striden
og tyngste arbeidet, striden med oss sjølve, arbeidet
med oss sjølve.

Det var nvleg ein gamall kristen som sa til
meg: eg hev so vondt av alle som reiser rundt og
preikar; dei kann so lett gløyma aa arbeida med
seg sjølve! — eg hev vondt av deg ogso, sa han.

Ja usæle me um me ferdast so mykje der ute,
at me fær aldri tid til aa byggja vaart eige indre
menneskje. Det vert tap og tids-spilla alt i hop,
naar det vantar styrken innantil.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free