- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
5

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

aa peika. Han gjeng ned til stakaren og lyfter han
upp og her han inn i Guds fars-fang. Jesus aaleine
er Frelsuren — for deim som ikkje kann frelsa seg
sjølve.

Soleis var det dei saag herlegdonien hans.
Pro-l’etane langt burte, daa dei vitna um han som vart
saara for vaare synder, so rae skulde ha lækjedom
ved hans saar, verta rike ved hans l’atigdom.

Slik var det gamle Siineon saag Jesu
herleg-dom, daa han tok vesle barnet paa armane sine.
Du veit han hadde vore ein bra mann gamle
Si-meon, ein gudleg mann dess nieir. Men del ser ut
til han berga seg ikkje med det. Fyrst daa han
fekk sjaa kor fatig Jesus hadde vorte, so hun ved
sin fatigdom kunde gjera gamle Simeon rik, — ja
daa livna det for gamlingen daa: no kann eg fara
i fred, no hev eg set Guds frelsa.

Alle som lærde Jesus aa kjenna i dei tri aari.
dei kunde segja det med Johannes: me saag
herleg-domen hans, l’ull av naade! Slik var han. Til
alle hjelpelause bøvgde han seg ned. Jamvel til
dei djupaste fallne. Han skjemdest ikkje ved aa
heita ven med tollmenner og syndarar. Han vilde
gjerne vera so fatig, berre han fekk gjera vel mot
deim.

Langfredagen lyste denne herlegdomen hans
klaarasl fram, der Jesu blod ropa ut yver heile
jordi: so fatig vart eg, av di eg vilde gjera deg og
alle menneskje rike, av di eg vilde gjera deg og
alle menneskje til Guds born.
Langfredags-evange-liet, det er dette: at det du og eg ikkje vann bøta
sjølv, det hev Jesus gjort.

Og so sende han bod ut paaskemorgon med
desse underlege ordi: eg fer upp til min far og til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free