- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
12

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 12 —

strid med verste veldet paa jordi: han kjem i strid med
mammons-veldel.

Hev de lese ei bok som kom ut nokre aar sidan av professor
Halvdan Kohl, heiter „Pengemagt og arbeid i Amerika" — ?
Den boki burde alle lesa. Han gjev ei fælsleg skildring av
korleis mammons-veldet held paa og øydelegg heile Amerika.
Det er reint so ein skjelv naar ein les: det han sjølv hev set
og sjølv hev granska, korleis dette dæmoniske pengeveldet
tøy-gjer dei lange fang-armane ut og klemmer alt liv under seg.

Det er det same mammons-veldet som nett no um dagen
bankar so hardt paa i vaart fed raland. Kor skal me berga oss?
eit lite folk paa tvo og ein halv million? naar det store
amerikanske folket stend meste raadlaust!

Her er berre ein maate: at me kann faa slike staute
karakterfaste folk her i landet, som aldri sel seg. Ikkje sel
meinin-gane sine, ikkje sel arbeidet sitt, ikkje sel garden sin, ikkje sel
landet sitt, ikkje for nokon pris !

Der mammon retter ut handi med gullklumpen og lokkar
og daarar og vil draga alle til seg, — og han so møter ein
ungdom som segjer: skit i gullklumpen din! eg vil vera ein fri
mann paa min eigen grunn, i mitt eige land! — der hev
mammon mist si magt.

* *

Eg veit ingen som kann skapa slik ungdom andre enn
Jesus Kristus. Han er vaar store hovding, som vil fylka oss
til strid mot mammonsveldet no for tidi. Eg trur ingen annan
greider det. Difor meiner eg: den store striden i det
tju-gande aarhundradet utyver heile jordi kjem til aa
standa millom mammon og Kristus. Eg trur me kan spara
oss tenkja paa noko tridje. Det vert eit av tvo!

I Jesu Kristi fotefar ser me ei lysande rekkja av trauste
kristne karakterar. Slike som kunde standa der dei skulde
standa, og kunde ganga paa der dei skulde ganga paa. Slike
som heller let seg pina til daude, fyrr dei sveik.

Det stod ein mann nede paa riksdagen i Worms, med heile
verdi imot seg. Men han stod. „Her stend eg! sa han, eg
kann ikkje anna! Gud hjelpe meg!"

Hans Nilsson Hauge — prestane var etter han,
lensmennene var etter han. Til slutt tok dei han og sette han i
fange-holet. Der sat han i ti aar. Men han gav seg ikkje.

Det sat ein missjonær nede paa Sakalav-strandi paa
Madagaskar. Røstvig heitte han. Han sat aaleine i hytta si ein dag.
Kom ein sakalav-prins med ein flok soldatar, og tok til aa
plundra heimen hans. Til sist sa prinsen: gjev meg ringen paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free