- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
11

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

garne hans fram med ei dikting, som fløymde yver
alt og saag ut til skulde verta avgjerande for,
korleis den norske bokheimen kom til aa sjaa ut
frametter. Fraa 1827 hadde Henrik Wergeland
raadt godt so aaleine paa bokmarknaden. Paa eit
par aar var fraa hans hand kome 2 syrgjespel, 1
skodespel, 3 morospel, ei diktsamling, og dessutan
spreidt ikring i blad og hefte lyriske dikt,
sneid-stev, politiske stykke, folkeupplysningsskrifter; —
ein kunde ikkje taka eit blad i handi utan aa
raaka frami dei poetiske eller prosaiske
or-ausin-garne hans. Welhaven hadde lenge gjenge og sét
seg arg paa denne ustanseleg fløymande gyrmute
straumen; men det var fyrst, daa „Skabelsen,
Mennesket og Messias11 kom, at han slo til.

Heile Wergelands dikting var ei gruv for
Welhaven. Ein villmann var han, denne kraftpatriot
av ein diktar, som tydeleg ikkje hadde minste
tanken um fyrste-grunnarne i den einaste rette trui
i kunstlæra, eller som allvisst gav det ein god
dag alt ihop og utan samvit rabla ned det eine
digre diktarverket etter det andre og no tilsist dette
endelaust skræmelege „menneskehedens epos11, som
han sjølv er so stolt av, og som venerne hans
kallar eit storverk i heile verdi. Ubljugt bryt han
inn i heilagdomen og herjar hovet; det finst ikkje
den lovi, han ikkje syndar imot; diktslagi blandar
han i kvarandre, lyrik, epos, drama i ei velling;
dei mest ulidelege bilæti kastar diktaren det eine
ovanpaa det andre, han velter seg i raaskap og
skamløysor; vilt og rotut veks trollet utan tanke
paa anten heilverknad eller harmoni millom dei
einskilde luterne.

For Welhaven var „Skabelsen11 den saftigaste
blomen av den heimlege raaskapen, og det diktet,
han utan namn sende inn til „Morgenbladet11 straks

c

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free