- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
121

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

121

Eg meiner at romar kyrkja hev ikkje rett til å hei ta
katolsk. Romarkyrkja godkjenner ikkje andre
kyrkjesam-fund. Det er eit sekt-merke! Alle sektene hev jamt kravt
ser-rett for seg og sine at dei er dei einaste sanne kristne!

Erkebiskop Nathan Söderblom hev freista å samla alle
kristne til sam-møte, til broderlegt samvære og
samarbeid. Dei freistnadene peikar i rette leidi. På dei
ålmenne kyrkje-møti hans hev dei møtt fram frå alle
kyrkjesamfund: gresk-katolske, anglikanske, reformerte,
lutherske, metodistar, baptistar, og andre dissentar-kyrkjer.
Der hev dei sanna den apostoliske trui, der hev dei bede
Fadervår saman, der hev dei rett ut broderhand til
kvar-andre, samstelte um hovudsaki, so ueinige dei elles er.

Einaste kyrkjesamfund som nekta å vera med på desse
ålmenne møti, var romarkyrkja. Ho meinte ho hadde
eine-rett til å heita ålmenn! einaste måten å samla alle
kristne vore at dei gjekk inn i romarkyrkja! Det er eit
sekt-merke!

Lars Eskeland hev funne seg vel til rettes i
romarkyrkja. Han skreiv til meg frå Italia: dette er Jesu Kristi
kyrkja! desse kristne er som gode truande born, medan
den grå protestantismen ei upp utekkjelege halv-vaksne
kritiske tvilarar.

Eg svara han: du kan vera glad me er so mykje
prote-stantar at me heilt bøygjer oss for manns samvet.

Sjølvsagt godkjenner me Lars Eskeland heilt og fullt:
Guds barn! og vår bror! At me vyrde hans samvet og
held uppe brorskap og venskap med han, var til gleda
for båe partar. Han var takksam for det. Tilhøvet millom
han og meg var heile tidi hjartelegt og varmt.

På 6o-årsdagen hans helsa eg han med nokre vers,
som endar so: Gud signe deg, min tvillingbror! Vel
møtt i høgste kyrkjekor!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free