- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
119

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ug

Men sovore tok Lars Eskeland seg nær av.

Ved 900 års-jubileet for kristendomen på Voss i
1923 skreiv Eskeland eit historisk dikt. Det var og eit
heilhuga kristelegt vitnemål. I åri frametter skreiv han
mange historiske småstykke frå gamletidi. Sume av dei
vart spela på Voss, og Eskeland sjølv var med og spela
historiske roller. Eg minnest professor Taranger var so
gripen av å lesa jubileumsdiktet hans i 1923, at han låg
vaken og las til langt på natt, og han kom med ei hjarteleg
takk til Eskeland dagen etter.

I det heile skulde samhugen som Eskeland møtte,

ha gjeve motvekt mot dei range og sår ande tilhøve elles.

*



Sigrid Undset gjekk yver til romarkyrkja. I sine bøker
hadde ho grave seg ned i vår gamle kyrkjesoga og funne
mykje gull i gsmal norsk kristendom. Ho tykte den nyare
kristendom her i landet fall igjenom.

Lars Eskeland tok til å skifta brev med henne, og fekk
rettleiding hjå henne i mange spursmål.

Til biskop Hognestad skreiv Eskeland ogso ei rekkja
brennande spursmål. Hognestad svara grundig på kvart
spursmål. Svari sine hev han seinare gjeve ut i boki
«Kyrkja er mor». Eg tykkjer dei svari er so gode, at dei
måtte ha stetta Eskeland.

Men Eskeland sjølv var ikkje nøgd. Tanken på
romarkyrkja let honom ikkje i fred. So lagdest fru Eskeland,
og det bar mot hennar grav. Ho gjorde mannen sin den
siste tenesta å gå med yver til romarkyrkja i juli

1925.

Det var eit tungt slag for Eskelands vener. Han
gjorde ingen blåster ved sjølve yvergangen. Det heile

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free