- Project Runeberg -  Bondestudentar /
332

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_332_

Ho kunde spela Piano. Og ho kunde laga Mat. Og
ho hadde Sans for Poesi, ikkje so liten Sans for
Poesi . . . Gjorde han dette, so kunde han faa
Pengehjelp av Proprietæren, kom med ein Gong ut av all
si Skuld og Naud, og kunde endeleg eingong faa liva
eit Par glade Studenteraar . . . Naar han vart eldre
og fekk Embætte, vilde han umvenda seg og taka
Livet aalvorlegt, og daa vilde Hanna i Grunnen vera
høveleg. Inga? ja, men naar han ikkje fekk Pengar,
so vart han gangande her i alle sine Dagar som
gamall Student elder Skulemeistar, og kunde ikkje
gifta seg med henne kor som var ... og kor visste
han, at Inga Holm brydde seg um Daniel Sørbraut?
Det heile var nokot stort Tøv, Barnedraumar,
Gute-grillur . . . naar det kom til Aalvor i denne Verdi,
so kunde det nok ikkje nytta aa hefta seg burt med
slikt. —

Han gjekk og tenkte paa dette, men det vart
ikkje av; kvar Gong han skulde til, misste han
Hugen. Derimot tok han til aa spara.

Ein sur, myrk Vinterdag flutte han uppaa
Hægde-hougen og leigde seg inn i eit Kot til halv tridje
Dalar; sidan bar det i Veg med »Middag paa
Dampen«. Det var hardt aa gaa paa, totte Hr. Braut. Naar
han kom inn i den store myrke Matsalen, var der ei
Matlukt so ram og stram, at han vart mett med det
same, og so var her so »folkelegt« og fælt. . . Klokka
litt yver 2 kom Armodsdomen fraa Skularne og
Universitetet strøymande, alle desse Bondegutarne og
Fatikmannssønerne, som studerad . . . han hadde aldri

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0341.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free