- Project Runeberg -  Bondestudentar /
326

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_326_

ein civis academieits aa gjera nokot til Gagns! —
Daniel riste paa Hovudet og kunde ikkje forstaa seg
paa Aslak Fjordan.

— Paa ei Ettermiddagsforelesning raakad han sin
gamle Skulekammerat Kristian Bliland; det var berre
med Naudi at dei kjende kvarandre att. Dei hadde
mykje aa drøsa um no, og Daniel fylgde Kristian
heim. Det viste seg, at Kristian var sin same i
Lag og i Aatferd; men Meiningar hadde han skift
um ymse Ting, og daa vart Daniel so glad, at han
vaagad seg fram med somt av det, han hellest ikkje
torde tala um. Han fekk daa millom annat vita, at
Kristian nok helst vilde fylgja dei »folkelege«, naar han
berre kunde vera stød paa, at dei ikkje gjorde alt for
fast Samlag med Grundtvigsmennerne. »Ja er det ikkje
det, eg og er rædd V« sagde Daniel forundrad og glad;
>>dei er Grundtvigsinenn mest alle ihop! og mange er
reine Rasjonalistar!« — »Ja, Rasjonalistarne, dei er no
ikkje so faarlege«, svarad Kristian rolegt; »det er dei
grundtvigske med sine Folkehøgskular og alt det —;
skulde dei faa Inngang i Folket . . . med sin
Pelag-ianisirie og heile sin flaae og grunde Kristendom . . .
so Gud hjelpe oss.« — »Det er sannt«, sagde Daniel.
»Ikkje likar eg den Maaten, Jaabæk brukar Guds
Ord paa i Bladet sitt helder«, heldt Kristian fram;
»nei kven kann lika den?« svarad Daniel; »og no
er dei alt komne so langt, at dei tek til aa snakka
beintfram um aa taka Kristendomen ut or Skulen!.«
»Det kann eg ikkje tru«, sagde Kristian aalvorlegt.
»Tru ? Eg hev høyrt det med mine eigne Øyro . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0335.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free