- Project Runeberg -  Bondestudentar /
256

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_256_

Um ein berre vilde taka ein slik Ting som denne
Republikken, som han hadde voret so ustød i . . .
Ja; ein kunde tenkja upp Grunnar baade for og imot.
Men dersom no Grunnarne for og imot var like sterke?
Elder dersom Grunnarne for var sterkare enn
Grunnarne imot, og so ein ikkje vilde vera Republikanar?

Kanskje leitad ein daa so lengje etter Motgrunnar,
til dess ein fann dei. Elder ein granskad Grunnarne
for og fann ut, at dei ikkje var so sterke, som dei
saag ut til. Kunde ein segja, at ein daa hadde tenkt
sjølvstendigt yver Fristaten?

Men um det no skulde henda, at Fristaten var
det rette likevæl? Der var kloke Folk, som trudde
det og. Kloke Folk baade for og imot, og kvar hadde
sine Grunnar . . .

Nei, det nyttad ikkje aa tenkja, naar ein ikkje
visste, kva ein skulde gaa ut ifraa. Det var det,
det kom an paa. Gjekk ein ut fraa det eine, so
kom ein hit, og gjekk ein ut fraa det andre, so kom
ein dit, og den, som ikkje hadde nokot aa gaa ut
ifraa, han var som ein Mann i M3’rkeskodd: han
vart gangande i Ring.

Som han gjekk og mynstrad med dette, kom
han til aa minnast nokre Forelesningar, han hadde
høyrt paa Universitetet yver Ethikk. I dei
Fore-lesningarne hadde Professoren lagt ut um dei ymse
Riksformerne paa ein so klaar Maate, at Daniel aldri
kunde tenkjast til aa gjera det betre, og dei
Fore-lesningarne hadde han skrivet upp. Han leitad etter
dei i Kufferteu sin, men hugsad so, at han hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0265.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free