- Project Runeberg -  Bondestudentar /
222

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_222_

Augo dansad i lange Rader Brand, gulbrune,
væl-steikte Braud, Braud i Korger og Braud i Kassar . . .
Den, som hadde eit. Den, som fann eit slikt paa
Bordet sitt, naar ein kom heim! Desse andre, som
sat her, dei skulde heim og hava Te og 01 til Kvelds,
med Smør og Braud og tri Slags Ost og uppskoret
Kjøt og kanskje ein liten Rett Torsk fyrst; dei kunde
nok vera gudelege! Kva var det for nokot, dei song?
Han kunde ikkje skilja Ordi. Men kvar Gong, dei
kom til Slutten av Verset, tottest han tydeleg høyra
dei gamle Strofor, som han no hadde halvveges gløymt:

»Thi Gud giver sine baade Klæder og Fød’,

naar de monne sødeligen so—ove!«

Ja; det kunde dei syngja. Han for sin Part
hadde aldri set nokot til, at der kom Mat elder
Klæde, naar ein laag og sov; men slike Folk som
desse, som ikkje var med i Framsflokken, og som
ikkje livde det ideale Studenterliv, dei fekk visst
baade det eine og det andre; dei saag ut til det.
Dei var baade vælfødde og vælklædde; det lønte seg
nok aa vera gudfrygtig. Ein Kandidat elder nokot
slikt kom upp paa Preik stolen og lagde ut nokot, som
Daniel ikkje fekk Greida paa. Han høyrde somt av
det; men somt kom burt i den Omen fraa alle Veggjer,
som svarad Talaren paa kvart hans Ord, helst naar
han talad høgt, og gjorde, at Talen liksom maatte
vassa seg fram gjenom ein tung Motstraum; — og
somt kom Daniel ikkje til aa høyra, fordi den
svidande Svolten drog Tankarne hans burt. Med ein
Gong kvakk han upp og gav seg til aa høyra etter.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0231.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free