- Project Runeberg -  Bondestudentar /
192

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_192_

aa tenkja paa. Hev De leset den siste Talen av
Kastelar?« — Nei, Daniel hadde ikkje det. »Ja, den
maa De lesa. Det er ein Stormann, den Kastelar!«
— »Det er visst det?« — »Aa, Gudbevare meg.«

Rud fortalde um Kastelar, som det kunde vera
ein Kjenning; sidan fortalde han um dei politiske
Tilstand i Frankrike. »Det er greidt, at all Ungdom
heretter maa vera republikansk«, sluttad han. Daniel
kunde ikkje finna nokot aa segja imot dette, og so
svarad han, at det var rimelegt. »Er De
Republikanar ?« spurde Rud tankelaust. »Aa ... i
Prin-cipet maa eg segja —; hellest hev eg enno ikkje
tenkt so mykje yver det.« — »Nei«, sagde Rud med
sitt klaare, fine Smil, »ein vert Fristatsmann i desse
Dagar, uin ein ikkje tenkjer! Det ligg i Lufti, ser
De.« »Ja, det er visst so«, meinte Daniel.

Han sat og tenkte paa Haugum og hans
Mot-grunnar mot Republikken, men kunde ikkje faa Tak
i dei. Det maatte vera nokot Snakk, det Haugum
foor med.

Um ei Stund sagde Rud: »Gjeng De mykje i
Teatret?« — »Aa . . . sometider.« — »Ja; kva segjer
De um slikt Stell ?« spurde Rud. Daniel vart
for-undrad; han hadde i Grunnen ingenting aa segja paa
Stellet. Men Rud forstod det naturlegvis betre enn
han . . . »aa, der kann visst vera mykje aa segja um
det«, svarad Daniel. »Mykje aa segja? « ropad Rud;
»det er ein Skandale!« Og han forklarad med ivrige
Ord, at slik som Teatret no vart styrt, so var det
ein rein Karrikatur paa eit Nasjonalteater. Daniel

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free