- Project Runeberg -  Bondestudentar /
185

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_185_

sette seg sjølv —; soleis var der ein, som heitte . . .
som heitte so mykje som . . . Jakob, nei, Peder, nei, det
var Jakob! nei, det var nok Peder, Peder, — Peder
Monsen . . . »Kjenner De Peder Monsen ?« — Nei,
Daniel gjorde ikkje det. — »Naah. Ja; det var
hellest ein Gut, som forstod aa snu seg; han fekk Død
og Pine laana 20 Dalar av meg, som han skulde
betala, naar Far hans fekk selt ei stor Malmgruva,
han hadde funnet . . . Kjenner De ikkje Peder
Monsen? Han er Student?« — Nei dessverre, Daniel
kjende ikkje denne Mannen. Og so fekk han ei lang,
lang Soga nm denne same Peder Monsen og um
hans Gaava til aa snu seg, og den gamle lo og kom
i godt Lag; men Daniel kjende seg meir og meir
modlaus. Der bankad det paa Døri. »Kom!« ropad
Gamlingen. »Ja, som sagt, no veit eg ingen Ting,
Guten min; men De fær avertera! — Godkveld,
Godkveld!« sagde han til den nykomne, »naa, det var
bra, De kom. Sit ned! Ja Godkveld, Guten min!
Lys i Bladi etter ein Huslærarpost; der er altid ein
Huslærarpost aa faa. Er det ikkje so der stend:
Vaarherre hjelper den, som hjelper seg sjølv? Jah,
he-he. Godmor’n, Guten min!«—Daniel gjekk; han
kjende seg so underlegt kald, og so tung i Føterne.

Han gjekk heim og sette seg. Han tenkte ikkje,
han berre sat og var modlaus. Um ei Stund tok
han til aa drøyma. Kanskje var der ei Meining i
dette og. Kanskje Vaarherre ikkje vilde, at han
skulde binda seg til nokot Arbeid; han hadde kanskje
Hjelpi liggjande ferdig, og den vilde han senda, naar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free