- Project Runeberg -  Bondestudentar /
147

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

147_

elder fordi Naaleaugat var altfor trongt. Og det
hende nok meir enn ein Grong, at »Gammeln«, naar
Eksamen var slutt, vart gjestad av ein
Universitets-gut, som skulde helsa og segja, at »Hr. Bestyraren
hadde tapt sin Ztømissjonsrett.« Men daa kunde det
og henda, at Gammeln paa ein svært tydeleg Maate
viste Guten, at sin jDeinissjonsrett hadde han ikkje
tapt, — kor det no kunde vera med Dimissjonsretten.

— Fabrikk-Russen, og Daniel med dei andre,
vart bleikare um Nebben for kvar Dag, som gjekk,
og den eine etter den andre vart sjuk og lagde seg
etter, ein i den Bakken og ein i den, liksom trotne
Soldatar paa ein Feltmars. Men Fabrikk-Gutarne
hadde ikkje Lov til aa vera sjuke helder; — ingen
trudde paa Sjukdomame deira. Professorarne drog paa
Akslerne; Russen lo. »Han er sjuk i Matematikk^,
sagde dei; »han hev vondt i Græsken.« Og i »Den
gode Borger« stod der skumlande Stykkje um, kor
rart det var, at det just skulde vera Fabrikk-Russen,
som var so sjukleg i Eksamen.

Hans Haugum og Markus Olivarius heldt seg
nokso godt; men Halvor Mosebø og fleire andre vart
sjuke. Daniel tenkte sterkt paa aa melda seg sjuk,
han med. Men so raakad han Sven Dufva ein Dag
i Vestibylen. Sven Dufva var utrulegt bleik, og dei
store rædde Gaselle-Augo stod i Hausen hans so kvite
og stive som Klinkenaglar. »Men Herre Gud, De er
ikkje frisk!« sagde Daniel forstøkkt. Sven Dufva
riste paa Hovudet. »De maa til Doktoren og faa
Attest !« heldt Daniel fram. Daa stirda Sven Dufva

10*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free