- Project Runeberg -  Bondestudentar /
95

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bondegutar og Smaafolks Søner; men her og der
kunde ein sjaa ein Presteson, elder andre slike, som
var burtviste fraa Latinskulen, elder som av* andre
Grunnar fann det laglegt aa skjota denne »Beinvegen
til Eksamen«. Her sat friske, grøne Sekstanaaringar
jamsides med røynde Skjeggebussar og Fleinskallar
paa 30; verdige Skulemeistrar sat saman med glade
Sjøgastar; heilage Menn som Ole Bentsen maatte her
hava Lag med Ranglefantar og Galningar, som kanskje
ikkje gjorde annat enn dreiv rundt etter Moro. Saag
ein heile Flokken under eit, hadde han n6kot
fortrykt og forkomet yver seg, eit Drag av Stræv,
Pengesut, vonde Dagar elder Rangel; mange gjekk
daarlegt klædde, med skitne Kragar og Handliningar,
med Brøker upp trødde ned med Hælarne, med skjeive
Sko, med geniale Hattar; burtmed Omnen sat ein Gut
med Vinterfrakken paa seg, endaa naar det brann i
Omnen so han var raud; Tingen var, at han hadde
eit Hol i Broki si paa ein Stad . . . dei’ det ikkje
gjeng an aa hava Hol i Broki si, og det kunde han
ikkje dylja paa annan Maate. Mange rsaag so skrale
ut, at ein maatte tru, dei svalt; og dei, som
arbeidde og prøvde aa fylgja med, gjekk gjerna med
ei jamn Skodd yver Heilen sin, tunge og nervøse av
Nattevaking og Ovarbeid, so dei liksom ikkje var
fullt seg sjølve. Di lenger det leid, di tyngre vart
Tonen; all Samtale vart aalvorleg og uglad, all Skjemt
matt. Det var, som der ikkje var Ungdom i denne
Flokken. Dei, som var unge av Aar, vai- tidt vaksne
nok av Tankar; dei leid for mykje vondt. * Klasse-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free