- Project Runeberg -  Bondestudentar /
44

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for Prestebikkja, og ein Husmann, som kom til
Prestegarden seint um Kvelden, og som dei trudde vilde
ha stolet, hadde ho bitet eit Stykkje or Leggen paa.
Fleire hadde klagat for Presten yver dette Dyret;
men Presten svarad altid, at Apollo beit ikkje
skikkelege Folk. Men eingong tok ho paa ein Mann, som
kom til Prestegarden og skulde betala Offerskjeppa.
Stakkaren hadde voret paa Restancelista lengje, og
Presten hadde voret paa han fleire Gonger etter denne
Offerskjeppa, baade med Kyrkja og andre Stader, og
no skulde daa Mannen endeleg gjera vad og betala.
Han hadde endaa selt ei Ku for aa greida denne
Offerskjeppa, og so ein Bank. Ja; i Banken vart
han av med Pengarne sine utan Vande; men daa han
kom til Prestegarden, fekk han Prestebikkja paa seg,
so han laut røma det beste han hadde lært, og fekk
Broki si sundflengd attpaa Kjøpet. Daa hadde Presten
vortet vond og sett Bikkja i Band. Men Bikkja
likad seg ikkje i Bandet. Ho stod og ylte og peip
all Dagen, so Presten ikkje heldt ut aa høyra paa
det. Det var ukristelegt Dyrplageri, sagde han
tilslutt, og so løyste han Bikkja. Sidan den Tid gjekk
Beistet laitst, og den, som no kom til Prestegarden,
fekk greida seg sjølv, som han best kunde. Det som
hjelpte var, at Bikkja aldri beit »skikkelege Folk«,
som Presten sagde, og Fatikfolk og slike kunde
halda seg derifraa. Men Daniel var rædd likevæl,
han ; ein kunde aldri vita, kva slikt eit Beist kunde
finna paa; og ræddast. vai’ han i Hundedagarne.

Men etterkvart lærde Apollo aa kjenna Daniel,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free