- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
176

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

176

På den myrke bakgrunnen ter andre ljost fram.

Bjønnes Jacobsen, som seinare vart biskop, dreiv
igje-nom at eg fekk preika i kyrkjene hans, endå dei tvo
bygde-folki i kirkjetilsynet vilde nekta. Han tok vel imot meg.
Eg lærde i han å kjenna ein varmhjarta og intelligent
kristen.

Ein annan prest, som hadde vore sjømannsprest i
mange år, fagna meg hjarteleg. «Det skjemde ikkje ut!»
sa han strålande glad etter gudstenesta.

Ikkje å gløyma Otto Jensen, som tok seg broderleg
av meg i Skjeberg, endå høgre-redaktøren i Fredrikstad
øste upp kyrkjefolket mot han. Han gledde seg då han
høyrde ein gamal kristen seg ja etter preiki mi: dette var
so greidt eit evangelium at ingen kunde klaga på det.

Millom lekfolk møtte eg dg sure andlet.

I ei bygd la dei imot foredraget um elskhug og
giftar-mål; dei hefte seg serleg ved min appell til dei unge
g jentene, at dei skulde setja store krav til seg sjølve og
til gutane; dermed kunde dei byggja upp eit reinare
ungdomsliv. «Det er imot Bibelen, sa dei, det var Eva
som forførde Adam.» Ja men det vore vel ikkje Gud
imot um g jentene forbetra seg? meinte presten i bygdi.
«Det stend ingen ting um det i Bibelen, ein prest skal
halda seg til Bibelen!»

I ei onnor bygd tok ein gamal kristen til ords mot
ny-norsken: «Eg bed Guds folk å akta seg her! det er
noko me klårt ser det er ikkje dei truande kristne som
driv dette målstrevet!» Presten deira var mål-venleg, og
svara fint: «Jeg vil ikke avgjøre hvem som er mest kristne
av de to partene. Jeg vil bare minne om at i det store
kor for tronen skal alle tungemål være med. Og jeg er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free