- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
163

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Wexelsen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

me ser på alt med hans augo, tek alt på hans måte. Hans
liv og ferd må prenta seg inn i vår tankegang, so me skipar
dagleglivet og høgtids-livet etter hans hug.

Næraste arbeids-mark er heimen. I heimen trengst
at alle tener kvarandre. Ingen kan gjera oss meir skikka
til det enn han som kom for d tena.

Ein levande frimodig kristen vil aldri verta ein
misnøgd arbeidar eller ein gretten granne.

Husandakt, eit salmevers ved dugurden eller ved
kveldsbordet, Trui og Fadervår, bordbøn, det hind i hop.

Og tenk um far og mor jamt er til kyrkje, og borni
fær hug til å vera med.

Og tenk um dei kunde møtast ved Jesu Kristi bord,
unge og gamle! Ver viss på at der nattverdbordet er den
heilage samlings-staden, der veks «eit fagert folkeliv, eit
sant og elskelegt Guds rike hjå små og store, mann og
viv»! Me kan då ikkje anna enn verta snilde og gode
mot kvarandre når Herren sjølv gjer oss til lemer på sin
eigen lekam.»

Dette er berre eit lite utdrag av dei manande ordi frå
biskop Wexelsen på døistokken til livet attum gravi.

«Kristendom og norskdom» var siste ordi frå lippene
hans.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free