- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
122

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

122

Nidaros bispedøme. Ein telemarking søkte lærarpost i
Trondheim. Han hadde gode vitnemål. Men
skule-inspektøren i Sørlands-byen hadde skrive i vitnemålet
at han «underviste på sin bygde-dialekt». Dei var av den
grunn tvilsame i Trondheim skulestyre. Men
skuledirek-tør Seip fekk dei til å setja han «på uppsegjing», so dei
kunde freista! Det gjekk framifrå.

Den skule-inspektøren var ein tverr-bløyg som vilde
tvinga læråren til å nytta riksmål. Ein time kom han
inn og lydde på. Han bad «om at forelegge børnene noen
spørsmål». «Forstår I nu også denne eders lærer?» Ja,
ropa dei alle. «Forstår I også hvert ord han sier?» Ja.
«Synes I om at han bruker dette sitt mål?» Ja! Dermed
gjekk han. Men læråren fann han burde søkja seg vekk.

Og soleis kom han til Trondheim.

*



Det var eit stort tap for heile landet då Karl Seip døydde.

Kongen og heile riksstyret var møtt fram.

Gustav Jensen tala ved gravferdi:

Det fyrste han hadde lagt merke til Seip, sa Gustav
Jensen, var då han var lærår for fangane i Oslo og etterpå
dreiv eit stort brevskifte med dei fangane som slapp ut.
Det var det store hjartelaget som sermerkte Karl Seip.
«Han var igrunnen for fin til å være med i politikken!
vi bruker jo å fare hårdhendt med hverandre i det politiske
liv! kunde vi ikke engang lære å være litt mere
hensynsfulle og bruke litt forsiktigere uttrykk? det vilde være
tegn på styrke, ikke på svakhet!» So nemnde Gustav
Jensen noko um kyrkjestyret, som ikkje burde knytast
til den parlamentariske politikk; han snudde seg til kongen
då han sa det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free