- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
120

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

120

Eg fekk mykje med Karl Seip å gjera. Motstandet
mot nynorsken kvesste seg til i 1908. So lenge Michelsen
og Løvland sat ved roren, vilde Nils Vogt i
«Morgenbladet» ikkje leggja ut mot landsmålet, han var redd for å
auka motstandet mot riksstyret. Men då so Gunnar
Knudsen vart ministersjef, sa Nils Vogt: nå skal vi ta opp
målstriden.

Mothugen fekk snart meir vind i segli. Prestar og
kyrkjetilsyn vilde til å stengja kyrkjene. Eg laut kjæra
nektingi inn for departementet. Karl Seip opna ei kyrkja
for meg, og då tok mange andre lærdom: det nyttar ikkje
å nekta! For so vidt var det bra at eg ikkje slo meg til ro
med nektingi.

Men eit rama-skrik vart det, i pressa sjølvsagt, og
i bygdi; frå preikestolen kunngjorde soknepresten at
eg skulde halda landsmåls-gudstenesta næste sundag,
medan han var i annekset; det var imot avgjerd i
kyrkje-tilsynet, streka han under, etter tvangs-avgjerd av
departementet! han var so upp-øst at han gløymde lysa
velsig-ningi fyrr han gjekk av stolen!

Det vart agitasjon for å halda folk burte frå kyrkja:
rår me ikkje yver kyrkja vår, so rår me i alle fall yver
kyrkjegonga! Mange våga beint fram ikkje å ganga i
kyrkja den dagen. Men på foredragsmøti mine,
laurdags-kvelden og sundags ettermiddag, kom det i hundradvis.

At sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson nemnde meg ved
namn i eit foredrag i Oslo i samanheng med denne soga,
vart som ein «reklame».

I det store og heile gjekk arbeidet mitt knirkefritt.

*



Seip vilde ha meg til å søkja preste-embete på Inderøya,
der eg skulde vera lærår på folkehøgskulen på Sund.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free