- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
108

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Striden um teologi og kristendom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

io8

keivleg som han hadde teke det! Det hev eg frå
soknepresten sjølv.

Den nye soknepresten vart utnemnd etter han hadde
lova at alle som ynskte det, skulde fritt få nytta Konow
til alle kyrkjelege tenester. Det fortalde kyrkjeministeren
meg. Dermed var taktikken mot Konow dømd.

Eit bel seinare i eit privat-lag i Oslo veit eg biskopen
sa: «Det er rart med friheten! så lenge de ikke fikk lov,
var det mange som vilde bruke Konow! da det blev fritt
valg, var det næsten ingen som nyttet ham.»

Det var synd på biskopen: ein staut mann, ein
vyr-deleg talar, ein reell karakter! men tidt so uheppen!

Han eksaminera ordinandane sine um deira standpunkt
til dei um-stridde leder i trui. Det gjorde fleire bispar.
Men Bjørgvin-bispen hadde den vanlagnaden at han sjølv
skyna kor lite sætande svari var: dei mest radikale svara
eit hardt og kaldt ja, medan ærlege tvilarar drog på det.
Det var pinlegt for alle partar. Biskopen sa det sjølv
til min heimels-mann.

#

Eg råka ein ung prest, som fyrr hadde vore altfor
konservativ, men no var teken av vinden. «Du er lykkelig
som kan tro!» sa han til meg. Det hadde ramla for han.
«Du er vel ikkje so radikal som presten i Bremen at du
lever på Kristus-ideen ?» «Kristus hev aldri levt! men det
gjer ingen ting?» «Ja tenk du, jeg kunde dø på
Kristus-ideen,» svara han.

Konow gjekk ikkje so langt i sin subjektivisme.

Trass i sin radikale teologi var Konow ein varm
levande kristen. Det undra meg ikkje at han fekk det
vitnemålet av son sin: jeg har ikke kjent noe menneske som
så helt som far levde i den usynlige verden.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free