- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
93

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

93

Frå ungdomsstemna i Vesterålen kom eg til
Kvæfjord med ein fiskarbåt som skulde dit etter agn. Dei
rodde meg i land langt ute i fjorden. Men der kom eg
inn på ein bondegård der bondekona var ei rik engelsk
lady! Både ho og mannen høyrde til «Plymouth-brøderne».
Han og fleire nordlendingar hadde fare til sjøs og hadde
kome inn i det kyrkjesamfundet i England. So høyrde
ho gjete det budde nokre brøder der nord, dei hadde
korkje kyrkjehus eller prest! Reiste ho so dit, og vart
gift med ein av deim. Framifrå stell fekk eg hjå denne
bondekona! og so skyssa ho meg den lange vegen til
prestegarden. Det gjekk på engelsk. Ho var eit levande
menneske. Eg gløymer aldri varmen som didra i ordi

hennar um Joh. 17, 3: it is life to know him!

*



Malangen var gamle grensa millom bu-menn og
finnar.

I Gi-sundet låg nørdste kongsgarden, på innsida av
Senja. Likso ver-hardt og nake det er på utsida av den
øyi, likso smilande er det på innsida. No hev dei havt
både jordbruksskule og folkehøgskule der i sundet.

Men nordanfor Malangen gådde eg det var smått
med ånds-liv. Eg tek då undan sjølve bispebyen Troms.
Ein annan ferda-talar eg råka i Finnmark spurde: kor
gjeng det deg her? Å det er so ymist! Ja her er fælt,
sa han.

Ein mann fortalde meg han hadde ikkje vore til kyrkje
på 12 år. «Kva gjer de um sundagane då?» «Spelar kort!
og snakkar um fisket som var i fjor, og um fisket som
skal verta i år.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free