- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
88

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

88

norskingi. «Ikkje noko kvænsk her!» vart slag-ordet no!
Det gjeng anten på heng eller på spreng her i landet?
Det vore vetugare å gå den gode millomvegen som Nils
Pavelson peika på.

Han hadde havt audiens hjå kongen i Oslo. Då so
kongen kom til Tana i 1907, helsa han «god dag, Nils

Pavelson!» Finnen var fegen for kongen kjende han att.

*



All slags skyss laut eg nytta den sumaren. Eg siglde
i midnatt-sol, kunde liggja og sova i atter-skoten. Eg
fylgde fiskarbåtar, og låg i skiper-koia um notti. Ein stad
laut skyss-karen bera meg i land på ryggen sin, det var
lang-grunt so båten stod fast; han vassa i land, fyrst med
meg, og so med tølene mine. Eg køyrde på vogner utan
fjører, so det skok all igjenom. På Andøya køyrde eg yver
myrane utan-veges, vogni hadde so breide hjul at dei
ikkje sokk nedi; det gjekk yver humpar og tuver; det
riste noko, men det var mjukt. I Finnmark fekk eg
hesteskyss «umkapp med reinen». Dei små finske hestane
sprang bakke upp og bakke ned mil etter mil utan å sveitta.
Ein slik hest greidde fint dei xoo km. frå Tana til Vatsøy
på 12 timar, kvile-stundene med-rekna. Dei finske hestane
hev vore namngjetne alt frå 30-års-krigen: dei trøytna

aldri, difor gjorde «finska rytteriet» stor-verk.

*



Berre tvo kyrkjer i heile Hålogaland bispedøme vart
stengde for meg.

Den eine vart nekta meg av ein prost, som i alle måtar
må ha vore typen på konservativ tankegang.
Granne-presten fortalde han nekta å kunngjera 7. juni-verket
i 1905. Og då eit misjonsmøte same sumaren vilde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free