- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
39

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

39

Meste hugnaden hadde eg av ungdomsskulen.

Eg fekk ein norsk-klasse. Bokmålet sat i høgsætet på
Framnes den tid. Men både Brandtzæg og dei tvo prestane
Christie og Ottesen var medlemer av Prestemållaget.
Dei hadde vore med både Christie og Ottesen då
prosti-prestelaget i Hardanger og Voss sende søknad til
Kyrkje-departementet um autorisasjon av Blix-salmane.

Brandtzæg gav meg nokorlunde frie hender til å nytta
ny-norsken. Og det var ein fest å få leggja i veg og læra
ungdomen å s tila på heilnorsk.

Der var elevar frå alle kantar av landet. Ein kveld
samla me dei til «kort-leggjing» av dialektane; den andre
norsklæraren Ottesen var med på det. Målgrensene er
forvitnelege, ikkje minst millom Kvam og Strandebarm:
Kvam hev rein-spika hardinga-mål. Strandebarm soknar
til Sunnhordland i målvegen. Frå gamalt var difor
Strandebarm ikkje rekna med til Hardanger. Jamvel ioo år sidan
nemnde prosten Hertzberg seg «prost i Hardanger, og
Voss og Strandebarm prestegjeld».

Eg gav elevane mine ei stil-uppgåva i joleferien:
«Ein av dei gamle.» Dei skulde få ein av dei gamle til å
fortelja. Dei skulde lyda etter kor fint desse gamle kunde
ordleggja seg. Heile stilen skulde dei skriva på
heime-dialekten sin, so godt dei kunde. Ottesen gav sine elevar
same uppgåva. Og me fekk mange råkande
kultur-bilete.

Eg hermer etter ein samning (frå Samnanger;: «Da
e fælt med desse ukristelege skattane dei legg på meg
gamle kroken. Eg ha ei nokre skjelingar! men dei kjem
so vel med, dei du! Vore da berre te noko gagn med desse
skattane ? Men dei e kje te anna enn at presten og
lensmannen ska eta seg tjukke og feite, so dei må ha både
armstrekninga og bein-strekninga for å få da te siga unda,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free